Val Brembana
Utsjånad
Val Brembana | |||
dal | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Val Brembana 45°52′21″N 9°39′07″E / 45.8725°N 9.6519444444444°E | |||
Plasseringa til Val Brembana i Lombardia.
| |||
Wikimedia Commons: Val Brembana |
Val Brembana er ein dal i Lombardia nord i Italia. Han er kalla opp etter elva Brembo, som renn gjennom dalen.
Dei bergamaskiske Alpane utgjer nordsida av dalen, mest kjend Tre Signori og Diavolo di Tenda, medan Bergamosletta ligg i sør. I aust grensar dalen til Valle Seriana og i vest til Valle Imagna.
Dei største busetnadane i dalen er Zogno, San Pellegrino Terme og Piazza Brembana. Val Brembana er òg kjend for Simone Pianetti-massakeren, der sju mennske vart skoten og drepne i 1914. Pianetti vart aldri tatt for drapa.
Skiområdet
[endre | endre wikiteksten]Valle Brembana er òg namnet på skiområdet som dekkjer Foppolo, Valtorta og Piazzatorre.
Veg
[endre | endre wikiteksten]Hovudvegen i Val Brambana er N 470. Dalen er forbunde til Valtellina via Passo San Marco.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Val Brembana» frå Wikipedia på engelsk, den 26. november 2007.